Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Siderfestivalen i Øystese – ikkje av dei største – men ein av dei trivelegaste! Kom og få auka kompetansen din på sider og siderlegging og smaka deg fram til ein favoritt-sider. Lokalmatmarknad og sidersmaking.Fleire...
Landets mest særprega litteraturfestival går av stabelen i Hardanger. Litteratursymposiet i Odda er 4. - 8. oktober 2023, i år med tema Magisk. Velkomen til eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debatt...
Frukthausten er i full gang, og i samband med Oktoberhelg i Ulvik, ynskjer alle gardane på Frukt og siderruta velkomne til Fruktsleppet 2023! Den einaste Frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre g...
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.