Kvar måndag samlast babyar med mødre i kyrkja kl. 12.30. Babyane er i ulike alder, men opplegget fenger alle!
Møtet begynner med ei songøkt med ulike songar med rørsler til, babysamba og ein bånsull, og bæ bæ lille lam kjem innom.
Høgdepunktet er når alle babyar samlar seg under det store sjalet og mødrene lagar "bølgjer" over dei. Det er og utruleg spanande med såpeboblene på avslutningssongen. Etter songøkta er det tid for ein prat mellom mødrene, medan babyane leikar på golvet, og " pratar" med kvarandre.