Som ungdom i dag kjenner du nok godt til orda "klimakrise" og "naturtap". I samband med Verdas poesidag 21. mars inviterer Haugesenteret til diktkonkurranse med nettopp miljøendringar som tema. Me håpar nettopp DU har lyst å bli med! Innsendingsfrist: 15. mars.
I sine fyrste dikt og gjennom heile sitt skrivande liv brukte Olav H. Hauge livet i naturen rundt seg som eit utgangspunkt for å skriva dikt. Fuglen, fossen, fjorden og graset. I diktet “Det eg hugsar best” kan me lesa om ein uro for det Hauge ikkje lenger ser i naturen.
DET EG HUGSAR BEST
Det eg hugsar beste frå barndomen,
er vinden.
No er det ikkje vind att.
Ikkje vind,
og ikkje fuglar,
kor skal det då gå?