TOM ROGER AADLAND er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 slepper han sitt tiande album, og drar på turné. 15. November kjem han til kvinnherad bibliotek. Det nye albumet har få...
TOM ROGER AADLAND er ein av dei mest kritikarroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 slepper han sitt tiande album, og drar på turné. 15. November kjem han til kvinnherad bibliotek. Det nye albumet har fått tittelen «Skyer», og inneheld fleire låtar som allereie har blitt publikumsfavorittar, mellom anna «Kan ikkje gi oss» og «September» (duett med Kine Nesheim). Aadland er kjent for sine songtekstar på nynorsk, men denne gongen har han skrive på dialekt, nært og sterkt. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skreiv Aftenposten om det førre albumet hans, «Motgift» (2021). Aadland har hatt ei rekkje låtar i rotasjon på norsk radio, og mange har nok høyrt songar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».
Bill: 100,-