Festidalen 2022

Jun
24-26

Som følge av Coronapandemien vart dessverre både Festidalen 2020 og 2021 avlyst. Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 24. og 25. juni 2022. Fleire a...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Som følge av Coronapandemien vart dessverre både Festidalen 2020 og 2021 avlyst. Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 24. og 25. juni 2022.







Fleire av artistane som var booka til plakaten i 2020/2021 er allereie bekrefta til Festidalen 2022 - mellom anna har me gleda av å ha Gabrielle på scenen på Dønhaug. Me held på siste helga i juni, og har ellers planar om å dra på med endå meir av alt det gode. Med andre ord, siste helga i juni er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld, framleis plassert midt i sunnhordlandsbassenget. Her får du servert musikk og kortreist mat av internasjonal klasse. I fjor høyrde vi mykje "for eit program!", "har du smakt burgeren?" og "utruleg mykje flotte folk her altså" summe over festivalområdet. Heilt sant, eller #truestory som vi seier på bygda.







Festidalen er open for folk i alle aldrar. Born under 13 år kjem gratis inn. Dei frå 13 til 18 må kjøpe eigen billett og ha følgje med verge. Sjå www.festidalen.no for meir informasjon.

Kart