Fosse på fjorden på Litteraturbåten Epos

Fosse på fjorden på Litteraturbåten Epos
Mai
29

«Fosse på fjorden» med Anderz Eide på litteraturbåten «Epos» kl. 1530 til seinast kl. 1800. Open kafe i Fossehuset etterpå. Publikum vert tekne med på ein båttur på Hardangerfjorden om bord på litteraturbåten «Epos...

Booking

Om

«Fosse på fjorden» med Anderz Eide på litteraturbåten «Epos» kl. 1530 til seinast kl. 1800. Open kafe i Fossehuset etterpå.

Publikum vert tekne med på ein båttur på Hardangerfjorden om bord på litteraturbåten «Epos». Turen startar og endar opp i heimbygda til Jon Fosse i Strandebarm. Om bord ventar skodespelar Anderz Eide, som har lang røynsle med å lesa opp Fosse-tekstar. Han har mellom anna trekt fulle hus med opplesing av romanen «Morgon og kveld», eit program som varer fleire timar.

Denne maidagen vil Eide lesa utdrag frå ulike Fosse-tekstar, både kortprosa og romanar. Mellom leseøktene vert det høve til å kjøpa seg mat og drikke om bord. Viss vêret er dårleg, vert arrangementet gjennomført medan båten ligg til kai.

Billett: kr 400 om bord eller på Ticketco:
https://fossehuset.ticketco.events/no/nb/e/fosse_paa_fjorden

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
400,00
*Pris frå