I Knud Knudsens FOTOspor

Okt
26-29

Trolltunga Hotel ønskjer deg velkommen til ei langhelg der vi skal utforske Knud Knudsen og hans fotokunst! Har du eit ønskje om å lære meir om fotokunstpioneren Knud Knudsen og samtidig lære om fotografering i naturs...

Booking

Om

Trolltunga Hotel ønskjer deg velkommen til ei langhelg der vi skal utforske Knud Knudsen og hans fotokunst! Har du eit ønskje om å lære meir om fotokunstpioneren Knud Knudsen og samtidig lære om fotografering i naturskjønne omgjevnader?!

Vi inviterer til ei fullpakka helg med Knud Knudsens fotografier som bakgrunn og inspirasjon.

I regi av Kraftmuseet i Odda vil det bli halde ei førelesing om Knud Knudsen og hans fantastiske fotografier frå 1800-talet frå Odda og omegn.

Knud Knudsen var ein av Norges første fotografer. Han var særleg verksam i andre halvdel av 1800-talet og blir rekna som fotografen som skapte «det norske biletet», midt i ei tid då Noreg løyste seg frå Sverige og ein ny nasjon skulle formast.

Etter førelesinga går turen i Knudsens fotspor gjennom Odda sentrum og ikkje minst fleire naturskjønne omgjevnader i Hardanger der du kan fotografere dei same motiva som ein finn på Knudsens fotografier.

På kvelden vil Stig Tronvold, ein utruleg dyktig naturfotograf, halde eit introduksjonskurs i fotografering. Tronvold har mottatt ei rekkje utmerkingar i Noreg og utlandet og har mellom anna gått til topps i konkurransen til den internasjonale naturfotograforganisasjonen IFWI. I 1997 vart han kåra til Årets Nordiske Naturfotograf. Hans bilete er publiserte i ei rekkje bøker. Her vil du få tips, triks og ein god gjennomgang i fotografering slik at du også kan ta bilete i verdsklasse!

Laurdag blir ein dag med fotografering og naturopplevingar. Med ny kunnskap om fotografering tek vi turen til områda rundt Odda som inspirerte Knud Knudsen. Saman, eller du kan køyre ditt eige løp gjennom dagen. Buerbreen, Låtefoss, Tyssebotn med Tyssestrengene, det er mange spennande motiv!

Etter ein dag med vandring og fotografering, inviterer vi til sider-smaking på hotellet i regi av Hardangergutane!

Hardangergutane er ein lokal siderprodusent som har drive med sider sidan 2015 og er ein godt etablert sideri i Hardanger med eit spennande utval av sidertypar. Gutan vil fortelje om dyrkinga av frukt og bær dei lagar sider av, og korleis dei har perfeksjonert produkta sine.

Etter sidersmakinga vil vi servere ein flott middag i hotellets restaurant.

***Er DU interessert i fotografi, historie, naturopplevingar og god mat og drikke?! Bli med på denne haustens fotospor og opplev Hardanger gjennom kameralinsa! Velkommen til Hardanger og Knud Knudsens fotospor - ei helg fylt med inspirasjon, vakre omgjevnader, fotografi og matopplevingar!g opplev Hardanger gjennom kameralinsen!Velkommen til Hardanger og Knud Knudsens fotospor- en helg fylt med inspirasjon, vakre omgivelser, fotografi og matopplevelser!

Kart