Ine Hoem & Edvard Hoem

Nov
26

Her kjem familie duoen, Ine Hoem & Edvard Hoem til Kabuso den 26. November. Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvar sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, b...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Her kjem familie duoen, Ine Hoem & Edvard Hoem til Kabuso den 26. November.

Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvar sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om slekta som utvandra til Amerika. Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi».

Dette vert ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng faren sine tekstar på meisterleg vis, medan Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og dei andre utvandrarromanane sine. Ine syng og nokre av sine mest kjende songar. Samspelet mellom far og dotter bør opplevast, der humor, alvor, musikk og tekst går opp i ei høgare eining.

Bu deg på sterke tekstar og vakre melodiar!

Kart