Konsert - Børge Lindland om deLillos - Strand Fjordhotel

Jun
11

Denne kvelden kjem Børge Lindland til Ulvik med gitaren sin for å spela deLillos for oss, og for å fortelja sannsoger om bandet som vert rekna som ein av dei fire store innan norsk rock.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Låtane han har plukka ut til denne kvelden, kjem i hovudsak frå dei tre første albuma «Suser avgårde» (1986), «Før var det morsomt med sne» (1987) og «Hjernen er alene» (1989). Det er uråd å koma utanom klassikarar som «Neste sommer», «Kokken Tor» og «Smak av honning», men det vert òg meir ukjende låtar frå deLillos. Og kjenner me Børge rett, skal du ikkje sjå vekk i frå at han til og med innfrir låt-ynskje som publikum måtte ha. Me får høyra om avstandsforelsking i «Vangsgryto», om dei slemme gutane som alltid fekk jentene sin sympati, om angst og usikkerheit på Voss Gymnas, om då Lars Lillo-Stenberg måtte låna Børge sitt plekter på konsert, om då deLillos inntok Voss Kino og ikkje minst: om då Børge stod ansikt til ansikt med Lars Lillo klokka fem om morgonen inne på stovegolvet i sommarhuset hans, i stova der «Hjernen er alene» vart skrive og spelt inn.

Børge har spelt deLillos for folk i mange år, i band som «Sovande Regjering», «dePysjamas» , «Die Derricks» (m.fl.), men no kjenner me han best som frontmann i bandet GRANDANE

Kart