Konsert - De Musikalske Dvergene - Strand fjordhotel

Okt
14

40 år med 'fisk til middag kvar torsdag'! De Musikalske Dvergene vart stifta i 1980 i Bergen under mottoet «Garantert Ambisjonsløs Rock».

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon

Om

De Musikalske Dvergene dukka opp i bølga av norske ”Ny-veiv band” tidleg på åttitallet, og gav ut sitt fyrste album, ”En klase bananer og en enkel seng”, i 1989.

Hausten 2019 gjekk dei i studio med Svein Hovland (produsent) og Kåre Kalvenes og spelte inn sitt album nummer 10 - ”Bak neste blåne”.

”Dvergene” spelar melodisk rock med underfundige og kvardagslege tekstar, og fekk tidleg rykte som eit omgjengeleg og jordnært kultband. Dei er kjent som et ypperleg liveband, og trivst best i tett og direkte kontakt med publikum.
Dei har en klippefast tru på at jordnære songer, framført i daglegtale og utan filter og fjas er noko dei fleste skjønar seg på.

De Musikalske Dvergene er:
Tom Harry Halvorsen (tangentar og kor); Willy Korneliussen (trommer); Rolf Skogstrand (bass og kor) Helge Grønhaug (gitar og song); Arne Grønhaug (gitar og kor);

Kart