Ulvik er staden Lovebugs alltid kjem tilbake til. Endeleg skal dei få spela under Sidersleppet, og alle hjarter gler seg. År har gått, kjærleikskrypa har modna, og musikken like så.
BookingMed føtene (og pedalane) trygt plassert i både popen og rocken si verd dansar Lovebugs leikande innom fleire sjangrar. Mottoet er at ingenting skal vera uprøvd, men alt skal vera gøy! Og med fleirstemt koring, ukulele med vreng, to-radar og slide seier det seg sjølv at Lovebugs er ei konsertoppleving du må få med deg.
Velkomen til ei blømande, sprudlande og musikalsk helg i Ulvik. Kom på konsert laurdag 21.mai. Endeleg kan du òg få oppleve Lovebugs. Dei lovar nokre nye songar innimellom dei gamle hit’ane.