Susanna kjem til Poesifestivalen med ein poesikonsert der me møter dikt frå både Baudelaire og Hofmo. Songane møter oss i eit sjelfullt og skjørt format, med Susanna ved pianoet, nett slik dei vart til.
BookingMusikar og komponist Susanna Wallumrød har tonesett dikt av Charles Baudelaire, frå hans ei gong forbodne samling “Flowers of Evil”. Den kritikarrosa og prisløna pianisten og songaren Susanna har tidlegare gjort suksess med tonesettingar av etterkrigspoeten Gunvor Hofmo. Denne gongen er det den franske 1800-talsmodernisten Baudelaire som har fasinert Susanna, og resultatet er ein symbiose av Susanna sin musikk og dikta hans, i engelsk omsetjing.
Til Poesifestivalen kjem Susanna med ein poesikonsert der me møter dikt frå både Baudelaire og Hofmo. Songane møter oss i eit sjelfullt og skjørt format, med Susanna ved pianoet, nett slik dei vart til.