Kulturhistorisk fjordtur med dampskipet Stord 1

Mai
26

Torsdag 26. mai - Kulturhistorisk fjordtur i Hardanger med veterandampskipet "Stord I" frå Norheimsund til Botnen. Det vert ein spesiell tur på Hardangerfjorden med dampskipet "Stord I", og ikkje minst ei oppleving å...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Torsdag 26. mai - Kulturhistorisk fjordtur i Hardanger med veterandampskipet "Stord I" frå Norheimsund til Botnen.

Det vert ein spesiell tur på Hardangerfjorden med dampskipet "Stord I", og ikkje minst ei oppleving å sigla inn Fyksesundet til Botnen. Kjentfolk vil guida under seglasen og ei musikkgruppe med tp på hardingfeler og ein på trekkspel vil skapa stemning om bord.



Avgang frå Norheimsund kl. 10.30 er tilpassa bussavgang frå Bergen kl. 08.55 og retur frå Norheimsund med buss kl. 16.00.



Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kvam Herad i Vestland fylke. 



Dampskipet «Stord I» vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913, og skipet gjekk i rute for rederiet fram til 1969.                   



Skipet vart i restaurert  som veteranskip mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte  D/S Stord I passasjersertifikat for 99. passasjerar i 2013.. Som den gong ho var i ordinær drift, har skipet mange salongar og god plass på mange dekk. På turen kan hele skipet opplevas. Du kan gå innom styrehuset, maskinrommet, byssa m.m. Byssa serverar varmrettar som betasuppe/bacalao, kaffemat som svele/vaflar og drikke som kaffe, te, mineralvatn, øl og vin.

Kart