Har du ein bygning med gamle glas som du har lyst å reparere sjølv? Då er dette noko for deg. Kurset gjer innføring i korleis ein vedlikeheld og skiftar glas i vindauge. Ein får og ei grunnleggjande forståing for og p...
Har du ein bygning med gamle glas som du har lyst å reparere sjølv? Då er dette noko for deg. Kurset gjer innføring i korleis ein vedlikeheld og skiftar glas i vindauge. Ein får og ei grunnleggjande forståing for og praktisk øving i oppbygging, funksjon og vedlikehald. Ein kan ta med eige glas om ein ønskjer. Elles har me gamle vindauge som ein kan øve på under kurset.
INSTRUKTØR: Alexander Günter
PRIS: 4500,- Inkl. lunsj, kaffi og kaffimat begge dagar og middag laurdag
TID: 29.-30. oktober, kl. 10.00-16.00 begge dagar
MÅLGRUPPE: Alle/nybyrjar
TA MED: Kittkniv, skrapar, stemjern om ein har. Ikkje naudsynt, det er råd å låne
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 14. okt. 2022