KURS: Tradisjonell overflatebehandling av interiør

Okt
29-30

Kurset gjer innføring i laserande maleteknikkar med bruk av tørrpigment til overflatebehandling av interiør. Ein går praktisk til verks og vil lære skinnrulling, enkel «ådring» og marmorering. Ein vil også lære om gru...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Kurset gjer innføring i laserande maleteknikkar med bruk av tørrpigment til overflatebehandling av interiør. Ein går praktisk til verks og vil lære skinnrulling, enkel «ådring» og marmorering. Ein vil også lære om grunning av treverk, reingjering og stell av verktøy. Ta gjerne med eigne, enkle mindre objekt som skrin, krakk, liten kommode o.l. Desse må vera ferdig grunna med minst to strøk som er pussa og slette i overflata. Oppskrift på dette vert sendt deltakarane på førehand.



INSTRUKTØR: Johild Mæland, biletkunstnar og dekormalar med lang erfaring



PRIS: 4500,- Inkl. lunsj, kaffi og kaffimat begge dagar og middag laurdag



TID: 29.-30. oktober, kl. 10.00-16.00 begge dagar



MÅLGRUPPE: Alle



TA MED:

• Malarfiller (t.d. reine og utvaska gamle bomullslaken)

• Palett (Paletten må vera kvit for å gi nøytral bakgrunn for fargen som skal blandast. Palettblokk er fint, men også lokk frå ein isboks, plastbelagt papptalerken fungerer ok)

• Palettkniv (Ein gamal bordkniv med litt mjukt stål i knivbladet er også ok)

• To små glas/plastboksar med lokk til olje og terpentin (t.d. tomme rekeboksar, rømmebeger er ok)

• Notatbok, skrivesaker og kamera (mobilkamera er ok)

• Arbeidsklede som tålar malingssøl



STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund



SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 14. okt. 2022

Kart