Haugesenteret inviterer små og store til høgtlesing av Marianne Gretteberg Engedal si nyaste bok, «Verdas rikaste tjuv», om Kjell – guten som ikkje vil vera tjuv. Dette er den tredje boka i serien om Kjell og tjuvefamilien hans. Det er vår eigen formidlar Anja som les høgt medan ho viser boka på storskjerm. Dei eldste borna i Ulvik barnehage (Vettegruppa) har laga fine kunstverk basert på barneboka. Resultata er utstilte i Poesiverkstaden denne dagen.
Arrangementet og kunstutstillinga er gratis. I samband med Oktoberhelg i Ulvik held museet ope laurdag 7. oktober frå kl. 11-14. Velkomen alle!
Om boka
Alle i familien til Kjell er tjuvar, men Kjell sjølv vil ikkje vera tjuv. Han vil vera med venane sine og leika med dei. Ein dag sender mora til Kjell han på korpsøving. Sidan Kjell ikkje vil vera tjuv meiner ho han bør læra seg å spela eit instrument, men Kjell vil ikkje det heller. Han reiser på øving likevel. Der høyrer han verdas finaste lyd frå ei blokkfløyta. Kan han læra seg det same? Kan han bli venn med Bob, den flinkaste guten i korpset?