Maritimt verktøyseminar

Nov
16-18

Maritimt verktøyseminar er eit årleg fagseminar, med skiftande tema. Seminaret vendar seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret e...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Maritimt verktøyseminar er eit årleg fagseminar, med skiftande tema. Seminaret vendar seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret er støtta av riksantikvaren og har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.

Årets maritime verktøyseminar har spesialhøvlar som tema. Kursdeltakarane lager høvlar som dei manglar i verktøyparken sin. Profilhøvlar, staffhøvlar, rundholdthøvlar og suhøvlar, m. fleir vil truleg sjå dagens ljos gjennom seminardagane.

INSTRUKTØRAR: Peter Helland-Hansen, Ivar Hoflandsdal og Trond Oalann
PRIS: 3000,- Inkl. lunsj onsdag, torsdag og fredrag, og middag onsdag og torsdag
TID: 16.-18. november, onsdag Kl. 09.00-20.00, torsdag kl. 08.00-20.00 og fredag kl. 08.00 til 13.00
MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar
TA MED: Meir info og liste kjem
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 2. nov. 2022

Sjå heile kursprogrammet vårt her: fartoyvern.no/kurs

Kart