Marius og Farius på Kulturhuset Husnes

Marius og Farius på Kulturhuset Husnes
Aug
24

Marius & Farius band i Festsalen Gjør deg klar for ein heilaften med Marius & Farius band i Festsalen! I kjent Marius&Farius-stil blir dette ein kveld der allsang, dans, fest og godstemning er i fokus. Når dei i ti...

Om

Marius & Farius band i Festsalen

Gjør deg klar for ein heilaften med Marius & Farius band i Festsalen!

I kjent Marius&Farius-stil blir dette ein kveld der allsang, dans, fest og godstemning er i fokus.

Når dei i tillegg har med seg fantastiske Frode Hammersland på bass og Severin Vik på gitar og piano, då blir det ein ny dimensjon i det heile med trøkk og kvalitet.

Ein skal heller ikkje sjå vekk ifra att det dukkar opp nokre ekstra gjester denne kvelden.

Marius & Farius består av sønn og far: Marius og Remi Sjo. Halsnøybuane, som er busett på Stord, har dei siste åra spela ei rekke konserter og show rundt omkring på Vestlandet. Pubbar, festivalar, firmaer og privatpersonar har alle fått oppleve den fantastiske Marius&Farius-stemninga.

Med ei blanding av nye og gamle hits, samt nokre overraskelsar, er det alltid noko for einkvar smak. Og med Remis danseskole skal det mykje til for å bli sitjande i ro på stolen. Sikre deg ein billett til ein av årets absolutt største begivenhetar i Kvinnherad.

Så vær raskt ute med å skaffe dere billetter!

Møt bandet:

• Marius Sjo: Vokal, Gitar

• Remi Sjo: Trommer, Backing vokal

• Frode Hammersland: Bass, Backing vokal

• Severin Vik: Gitar, Piano, Backing vokal

Aldersgrense 18 år

PS: Det er mulig å bestille buss heim via billettlinken.

Kart