Meelodi @ Kabuso

Meelodi @ Kabuso
Apr
18

Torsdag 18. april kl 19 vert det internasjonalt og vakkert med Meelodi på scenen i Kabuso. Ole Andre Farstad, perkusjon Medi Farmani, vokal Per Jørgensen, trompet, perkusjon, vokal Nawar Alnaddaf, vokal, oud Sn...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Torsdag 18. april kl 19 vert det internasjonalt og vakkert med Meelodi på scenen i Kabuso.

Ole Andre Farstad, perkusjon

Medi Farmani, vokal

Per Jørgensen, trompet, perkusjon, vokal

Nawar Alnaddaf, vokal, oud

Snorre Bjerck, perkusjon, vokal

Anders Bitustøyl, bass

Kjerna i Bergensgruppa Meelodi er den iranske vokalisten Medi Farmani og gitarist Ole André Farstad frå Harøy utanfor Ålesund. Farstad er kjend for mange som gitarist i black-metal bandet Abbath, men han har altså reist verda rundt og studert tradisjonelle strengeinstrument og perkusjon i verdas kulturar. Favorittane hans er harpa nyatiti frå Kenya og den vestafrikanske ngonien, og desse instrumenta er langt framme i lydbildet til Meelodi, saman med mange andre langreiste instrument.
Songtekstane hentar Meelodi mykje frå til den persiske matematikaren, astronomen, filosofen og poeten Omar Kayyam.

Meelodi si siste signering er den syriske oudspelaren og vokalisten Nawar Alnaddaf. Med ho på laget, gjekk dei i gang med si tredje plate, The Great Blue Wheel. Plata vart gjeve ut digitalt i november 2020, og har fått musikkjournalistar til å hente fram superlativa.

Kart