Pippip Ferner 21.mai - 19.juni 2022

Mai
21-19

PIPPIP FERNER 21. mai – 19. juni 2022 Ope alle dagar kl. 11 – 16. I samarbeid med Rosendal Ungdomsskule og Folgefonnsenteret. Plastic Revisited #3 Pippip Ferner har i mange år jobba med tema rundt marine org...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

PIPPIP FERNER 21. mai – 19. juni 2022

Ope alle dagar kl. 11 – 16.



I samarbeid med Rosendal Ungdomsskule og Folgefonnsenteret.



Plastic Revisited #3



Pippip Ferner har i mange år jobba med tema rundt marine organismar og deira sjanse til å overleva i eit hav som blir varmare, surare og blir fylt med plast og alle miljøgiftene som følg med. Artar blir trua og forsvinn raskare enn normal evolusjon. Det får dramatiske konsekvensar for naturens, og havets evne til å forsyna oss med ressursar som vi har teke som ein sjølvfølge.



I Galleri Guddal vil Pippip Ferner visa prosjektet Plastic Revisited #3, som inneheld ein kombinasjon av vevde og strikka installasjonar, samt ein kleskolleksjon. Alt er laga av funne plast (posar, emballasje, fiskerirelatert plast mm) der ho utforskar handverksmetodar innanfor tekstiltradisjonen for å setja fokus på miljøproblemet frå mellom anna utslepp av mikroplast knytt til dagens tekstilproduksjon. Installasjonane blir akkompagnert av faktatekstar og teikningar av marine organismar.

Kleskolleksjonen inneheld fleire antrekk som er laga av plast funne langs veg og på strender, der kvart av plagga på ein humoristisk måte representerar kvart sitt problemområde.



T.d. kjole av fiskerirelatert avfall for å belysa forsøpling frå fiskeriindustrien, eller kjole av munnbind for å visa til forsøpling under pandemien.



Elever frå Rosendal Ungdomsskole vil delta på visning av plastantrekk frå utstillinga, samt delta i workshop der dei vil laga eigne arbeid inspirert av Ferners arbeid.



Det blir elevutstilling på Folgefonnsenteret.



http://www.pippip.no/

Kart