Teikneserieutstilling 2.september - 2.oktober 2022

Sep
02

TEIKNESERIEUTSTILLING 2. september – 2. oktober 2022 Utstillingsopning og seminar fredag 2. september kl. 19.00 – 22.00. Etterpå er utstillinga open laurdag og søndag kl. 11 – 16. SINDRE W. GOKSØYR LENE ASK J...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

TEIKNESERIEUTSTILLING 2. september – 2. oktober 2022



Utstillingsopning og seminar fredag 2. september kl. 19.00 – 22.00.

Etterpå er utstillinga open laurdag og søndag kl. 11 – 16.



SINDRE W. GOKSØYR

LENE ASK

JENS K. STYVE

THERESE G. EIDE



Det er første gong galleriet set fokus på teikneseriar.

Teikneserieskaparar er ofte fullt kunstutdanna og jobbar også med kunst og illustrasjonar.

Vi ynskjer å presentera denne, for nokre litt hemmelege verda, og lagar til seminar i samband med utstillingsopninga fredag 2. september.

Programansvarlege for seminaret er ASBJØRN SLETTEMARK (freelance) og ERLE MARIE SØRHEIM (Aftenposten).

Journalistar med god peiling på teikneseriegenren.

Sørheim har også gjeve ut boka «Karikaturenes historie – fra hulemalerier til Charlie Hebdo».

Foredrag/bokbad osv.

Alle utstillarane vil delta.

Gode samtalepartnarar og konsulentar for både utstilling og seminar er Fredrik Rysjedal og forlaget No Comprendo Press.

Kart