Opplev nokre av verdas beste unge pianistar i kammermusikksalen i Kabuso, tysdag 30. august kl 19! Frå 27. august til 3. september 2022 deltek 30 unge og særs gode pianistar frå heile verda i "The Edvard Grieg Inte...
BookingOpplev nokre av verdas beste unge pianistar i kammermusikksalen i Kabuso, tysdag 30. august kl 19!
Frå 27. august til 3. september 2022 deltek 30 unge og særs gode pianistar frå heile verda i "The Edvard Grieg International Piano Competition" i Bergen.
Til årets konkurranse vart 30 utvalde søkarar inviterte for å tevla om første-prisen på 30.000 Euro. Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen (finalen med Bergen Filharmoniske Orkester), men KODE Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.