Toppturweekend Ulvik - Hardangerfjord Adventure

Apr
13-16

Bli med oss på ein toppturweekend i Ulvik og Hardanger! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur og 3 netter på hotell med heilpensjon. Kom til Hardanger opplev vari...

Booking

Om

Bli med oss på ein toppturweekend i Ulvik og Hardanger! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur og 3 netter på hotell med heilpensjon.

Kom til Hardanger opplev variert skikøyring frå fjell til fjord i vakkert fjordlandskap. Hardanger har typisk vestlandsvinter med mykje nedbør som gir snørike vintre i fjellet og ein lang skisesong til spanande toppar med flott fjordutsikt. Denne helga er for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar!

Me har har base på Brakanes hotel i Ulvik og turene ledes av lokale og erfarne guidar. Ulvik ligg idyllisk plassert, inst i Hardangerfjorden, Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjoner. Brakanes hotel serverer tradisjonelle og moderne retter basert på nydeleg kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer.

Det vert 3 dagar med skikøyring der ein kan velja mellom korte (3-5 timar) og lange turar (5-8 timar). Om vêr, skiføre og skredforhold er med oss så går dei lange turane denne helga enten til Oksen (1241 moh), Ingebjørgnuten (1210 moh) eller Onen (1621 moh). Dei korte turane går til flotte litt lågare toppar (800-1100 moh) rundt Ulvik.

Kart