Trolljakt med Askeladden

Jul
21-29

Det er observert troll i Øvre Eidfjord! Mellom Vøringsfossen og Eidfjord sentrum ligg Øvre Eidfjord. Kjent for sin flotte natur, "Norsk Natursenter Hardanger", camping og no også: TUSSAR OG TROLL! Arkeolog Sigrid Sk...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Det er observert troll i Øvre Eidfjord!

Mellom Vøringsfossen og Eidfjord sentrum ligg Øvre Eidfjord. Kjent for sin flotte natur, "Norsk Natursenter Hardanger", camping og no også: TUSSAR OG TROLL!

Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle i gong med nokre større vikingutgravingar på den historiske Varberghaugen, like ved Norsk Natursenter, då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Etter lenger tid med undersøkingar er dei to no heilt sikre: Det må vere troll på ferde! Kan det hende det er sjølvaste Vøringstrollet som har forvilla seg ned til Varberg? Eller har det kanskje noko med sagnet om Tussafoten å gjere?

No ber dei små og store kome for å delta på: TROLLJAKT.

OPPMØTE ved Norsk natursenter Hardanger, Øvre Eidfjord.

- Trolljakta varar i ca. 2 timar – om vi ikkje vert ete opp...

- Anbefales frå 4 år og oppover.

- Arrangementet skjer i turterreng, ein må difor vere i fysisk stand til å kunne komme seg framover til fots.

- Kle deg og dine for ein tur i skog og mark!

- Vi ser helst at de ikkje tek med hund.

Kart