Tur på Sørfjorden med dampskipet Stord 1

Mai
27

Fredag 27. mai - tur på Sørfjorden med veterandampskipet "Stord I". Avgang frå Odda kl. 10.00 med kurs ut fjorden mot Aga, retur til Odda ca kl. 14.00. Dette vert ein spesiell tur på Sørfjorden med dampskipet "Stor...

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Fredag 27. mai - tur på Sørfjorden med veterandampskipet "Stord I". Avgang frå Odda kl. 10.00 med kurs ut fjorden mot Aga, retur til Odda ca kl. 14.00.



Dette vert ein spesiell tur på Sørfjorden med dampskipet "Stord I".  Den gong «Stord» gjekk i Oddaruta på 1950-talet var det som motorskip. Bård Kolltveit har skrive slik om M/S Stord i jubileumsboka «Eit skip heitte Stord…..»:



"Stord i Oddaruta. 

Sjølv hugsar eg godt mitt første møte som sjuåring med Stord etter ombygginga. Ein tidleg solblank julimorgon i Tørvikbygd i 1949 vakana eg av ei ny og ukjend skipsfløyte. Nyfiken som eg var, stiltra eg meg bort til stoveglaset og fekk sjå ei merkeleg blanding av gammalt og nytt som glei sakte inn mot kaiene rett nedanfor. At blikket først vart fanga av den digre skorsteinen, sa seg sjølv - dette var noko heilt nytt og uvant. Men trass i mine få år visste eg, utan å sjå namnet på brua, kva båt det var. I motsetning til dei andre HSD-dampane hadde det gått år og dag sidan sist Stord  var sett. Eg hoja ut: "Det er Stord!!", og det gjekk ikke mange minuttane før heile huset var på beina for å ta skapningen i augesyn. ..."



Dampskipet «Stord I» blei bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Laxevaag Maskin & Jernskipsbyggeri i 1913, og skipet gjekk i rute for rederiet fram til 1969.



Skipet blei restaurert som veteranskip og no som dampskip,  mellom 1981 og 2013. Sjøfartsdirektoratet tildelte D/S Stord I passasjersertifikat for 99. passasjerer i 2013. Som den gong ho var i ordinær drift, har skipet mange salongar og god plass på mange dekk. På turen kan hele skipet opplevas. Du kan gå innom styrehuset, maskinrommet, byssa m.m. Byssa serverar varmrettar som betauppe/bacalao, kaffimat som svele/vaflar og drikke som kaffi, te mineralvatn, øl, vin og sider frå Hardanger. 

Kart