Under stjernone

Mar
23

Hildegun Riise les dikt og dagboknotatar av Olav H. Hauge Når skodespelar Hildegun Riise og musikarar legg ut på turné med tekstar av diktaren Olav H. Hauge, er det også lov å felle ei tåre... -Mange set stor pri...

Booking

Om

Hildegun Riise les dikt og dagboknotatar av Olav H. Hauge

Når skodespelar Hildegun Riise og musikarar legg ut på turné med tekstar av diktaren Olav

H. Hauge, er det også lov å felle ei tåre...

-Mange set stor pris på, og har sterke kjensler knytta til det han har skrive, seier Riise som gler seg til å møte publikum med dette programmet.

Programmet har fått namnet "Under stjernone" og det er bassist Edvard Askeland som har sett musikk til dikta. Saman med Per Jørgensen (trompet), Eivind Aarset (gitar) og Terje Isungset (slagverk) dei skal spele fleire konsertar i vår. Turnéen er støtta av Norsk kulturfond.

Svært populær
Hildegun Riise og Edvard Askeland presenterte sitt Olav H. Hauge-program første gong på Vossa-jazz i 2005. Året etter var prosjektet på ein 3 vekers turné i Sør-Norge for Rikskonsertane. Det vart ei magisk forestilling som vart svært godt motteke av publikum. Palmesundag i 2019 ville Vossajazz ha
programmet attende og det samla seg ei fullsett Vangskyrkje til denne kvelden.

Kart