Utstilling @ Kabuso

Utstilling @ Kabuso
Mar
21-21

Årets første utstilling i Kabuso opnar 3. februar og har fått tittelen Nattankar. Nattankar er ei dialogutstilling av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Karen Kampen. Verk i tekstil og tre. Gunvor Nervold Antonsen...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Årets første utstilling i Kabuso opnar 3. februar og har fått tittelen Nattankar.

Nattankar er ei dialogutstilling av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Karen Kampen.

Verk i tekstil og tre.

Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og bur og arbeider i Rollag i Numedal.

Arbeida hennar er vist ved Kunstnernes hus, Trondheim kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Kunsthall Stavanger, Lillehammer kunstmuseum, Vigelandsmuseet og Bomuldsfabriken Kunsthall.

Ho er kjøpt inn til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, Norges Bank og Utenriksdepartementet – og har mellom anna gjort offentlege oppdrag for KORO.

Nervold Antonsen har gitt ut bøker og publikasjonar i samarbeid med andre forfattarar, og ei eiga diktbok med tittelen Vi er margen i samband med utstillinga til Lorck Schive kunstpris på Trondheim kunstmuseum 2021.

Marthe Karen Kampen (f. 1986) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og bur og arbeider i Eidskog kommune.
Kampen arbeider med maleri, tresnitt og tekstil i eit tilsynelatande enkelt, men kraftfullt uttrykk.
I verka søkjer ho etter ei oppleving av sårbarheit, humor og styrke – og titlane hennar kan vera bruer til fantasifulle tolkingar av verket.
Kampen arbeider gjerne med seriar der mange variantar spring ut av same utgangspunkt, med urettelege forsøk på å uttrykka noko oppriktig i ei kaotisk samtid.
Åleine og i samarbeid med Johannes Borchgrevink Hansen har ho utført fleire utsmykkingsoppdrag, seinast ved Veterinærinstituttet i Ås.
Hennar siste separatutstilling var ved Dropsfabrikken i Trondheim, hausten 2022.
Kampen har deltatt på fleire gruppeutstillingar, mellom anna ved Kunstbanken i Hamar, Nasjonalmuseet, Norske grafikere, Soft Galleri, Grenland kunsthall, Hubei Art Museum i Wuhan (Kina) og Høstutstillingen på Kunstnernes hus i Oslo.

> Gunvor N. Antonsen
> Marthe Kampen

Utstillinga kan opplevast tom. sundag 21. april. Sjå kabuso.no for eigne opningstider i påsken

Kart