Trolltunga, snø, sider & ski, og det berre for å nemna noko. Hardanger er den ideelle vinterdestinasjonen for dei som både vil vera aktive og slappa av i nasjonalromantiske rammer.
Kven treng alpane når du har Røldal og Hardanger? Eller kven treng Toscana når ein har prisvinnande bobler i fjordane? Dette får stadig fleire nordmenn med seg, og me skjønar dei godt. Hardanger er nemleg så mykje meir enn ein sommardestinasjon. Og det beste med det heile? Du får store deler av regionen for deg sjølv!
Fleire solide aktørar har gått saman og lansert nye, kjekke vintertilbud i Hardanger. Uavhengig av kva aktivitet eller attraksjon du ynskjer å oppleva, byd dei på opplevingar der du får både vera aktiv og slappa av samstundes. Trolltunga, snødekte fjell, vinteraktivitetar. Lokale delikatesser, komfortable senger og spa-anlegg. Her finn ein noko for dei fleste!
Du skal leita lenge etter eit meir snøsikkert vintereldorado enn Røldal Skisenter. Her kan du boltra deg akkurat kvar du vil i fjellet med om lag 12 nedfartar og ei samla lengde på 15 kilometer. I Røldal tilbyr Trolltunga Active ei rekke ulike aktivitetar tilpassa alle nivå. Anten du er ein småbarnsfamilie, vennegjeng som vil læra deg vintersport eller eit par som vil terpa på teknikken – her finn du noko for alle. Sjå full oversikt i botn av denne sida.
PS: Shuttlebus Hardanger tilbyr transport kvar laurdag gjennom heile vintereren og påsken. Denne går frå Kinsarvik, via Lofthus og Odda, og ender opp i Røldal. Perfekt dersom du bur på Hotel Ullensvang, Trolltunga Hotel eller hjå andre overnattingsaktørar i Ullensvang. Billettar og meir informasjon om transport finn du her.
I tillegg til dei mange aktivitetane i Røldal, tilbyr Trolltunga Active også guida vintereventyr til Trolltunga. Her får du opplevd skjulte perler gjennom eit vilt landskap. Du treng ikkje å ha erfaring med truger frå før, men det er viktig med god fysisk helse i forkant av denne fantastiske opplevinga.
Få ting slår det å avslutta ein aktiv dag i snøen med god mat og noko godt i glaset. Då har du kome til riktig plass, for få regionar kan skilta med så mange gode mat- og drikkeprodusentar som Hardanger. På Lofthus, i gangavstand frå Hotel Ullensvang, kan du vera med på afterski med Hardangergutane og Lofthus Ekspedisjon.
Eit godt tips er å ta turen innom Hardangergutane sin gardsbutikk når du fyrst er i området. Her tilbyr dei eplemost- og sidersmaking med omvisning i produksjonslokalet. Dei prisvinnande dråpane til Hardangergutane pirrar verkeleg smaksløkane!
Men det er ikkje berre i Sørfjorden dei byr opp til afterski. Det gjer dei også hjå Røldalsterrassen, som er nærmaste nabo til Røldal Skisenter. I restauranten deira kan du nyta lokale delikatesser medan du nyt utsikta til dei spektakulære toppane i høgfjellet. Røldalsterrassen tilbyr også overnatting i leiligheter eller rom på sportell, samt konferanserom for dei som ynskjer det.
Sjekk inn og pust ut på Hotel Ullensvang. Få aktørar har eit meir passande slagord enn hjørnesteinsbedrifta på Lofthus. Hotellet, som fokuserer på tradisjonane i Hardanger, er sjølve definisjonen på avslapping. Nytt dei spektakulære basseng-, velvære-, sports- og fritidsavdelingane med nydeleg utsikt til Sørfjorden og stupbratte fjell. At du i tillegg vert servert den eine kulinariske høydaren etter den andre i restauranten deira, er sjølve prikken over i-en.
Kinsarvik camping er også ei overnattingsmoglegheit når du er i regionen. Dei ligg praktisk plassert i starten av bussruta til Røldal.
Opplev vinter i Hardanger! Velkomen til oss!
Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Ein unik overnattingstur i Hardanger med Trolltunga Active.
Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.
Stå på ski i Hardanger. Røldal Skisenter, blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge, er perfekt for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar.
Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.
Trolltunga Active sine guidar er skiinstruktørane dine i Røldal Skisenter og tar deg med på ei spennande slalåm off-piste dag i pudderparadiset. Du ha med eige skiutstyr, og guidane vil ha ein kontrollsjekk, samt sørge for at sikkerheita er riktig.
Delta på langrennskurset som passar for nybyrjarar, for å lære gode teknikker å bruke i skiløypene. Guidane skal sørge for at du sit igjen med både ny kunnskap og kjekke vinterreventyr-minner ute i snøen!
Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.
Ta på deg skia og utforsk freeride-eldoradoet Røldal saman med Trolltunga Active. Denne ferdigpakka vinteropplevinga passar perfekt for erfarne skikøyrarar som søkjer gjeve adrenalin-opplevingar. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også topptur / fjelltur til andre spektakulære fjelltoppar i Hardanger – som Oksen og Melderskin.
Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger! Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Røldal og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.
Røldalterrassen, idyllisk plassert på toppen av Røldal, tilbyr overnatting i flotte leilegheiter, panoramautsikt og kort veg til store opplevingar.
Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i Sørfjorden. Ikkje langt derifrå, i det gamle fruktlageret på Børve, lagar dei eplemost og sider frå lokale kvalitetseple, mogna på...
Campingen ligg like ved Hardangerfjorden Vi tilbyr ein moderne Campingplass med 25 hytter av ulik standard, 4 - 8 senger, fra de helt enkle til enheter med dusj, toalett og badstu. De fleste med vakker utsikt over fjo...