Holmabringklut – lær deg å sy bunadsbringklut etter Kølle-søstrene

Holmabringklut – lær deg å sy bunadsbringklut etter Kølle-søstrene
Nov.
14-16

Sy din eigen Holmabringklut! Desse svært vakre bringklutane har namn etter søstrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik. På kurset får du læra korleis ein lagar slike bringklutar. Stad: Isdalshuset, Holmen Kulturpark, Hjeltnesvegen 47, Ulvik Dato: Fredag 14. – søndag 16. november Tidspunkt: Kl. 10-17 alle dagar Pris: Kr 4 400 (4 000 for medlemer i Bygdekvinnelaget) Prisen inkluderer materiale og utstyr, kaffi, te, frukt og varm lunsj alle dagar Påmelding: post@holmenkulturpark.no Påmeldingsfrist: 1. oktober (først til mølla – kurset har berre 10 plassar) Holmen Kulturpark kan tilby overnatting for tilreisande For spørsmål kontakt: Holmen Kulturpark - Irene Bjotveit Sæbø; tlf. 480 37 615

Om

Holmabringklut – lær deg å sy bunadsbringklut etter Kølle-søstrene

Kursomtale

Sy din eigen Holmabringklut! Desse svært vakre bringklutane har namn etter søstrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik. Dei sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser og perler, sydd på raudt ullstoff, og gjerne kanta med silkeband og knipling.

På kurset får du læra korleis ein lagar slike bringklutar. Du kan sy ein Holmabringklut, eller sy ein annan type bringklut på raudt klede. Her er mange mønstre og teknikkar å velja mellom. Kurset går over tre dagar, og målet er at ein i løpet av desse dagane kjem så lang med bringkluten at ein kan fullføra den rett etter kurset er ferdig.

Kurslærar er Agnete Sivertsen. Ho har lang erfaring frå Hardangar folkemuseum sine bunadskurs, og hadde mellom anna ansvar for museet sin store bringklututstilling «1000 bringklutar» i 2018 og 2019.

Kurslærar har med alt ein treng av materiale og utstyr, men viss ein har eigne bunadsperler kan ein gjerne ta med desse.

Kurset er eit samarbeid mellom Holmen Kulturpark, Hardanger folkemuseum, Ulvik Bygdekvinnelag og Kølle-prosjektet i Ulvik herad.

Stad: Isdalshuset, Holmen Kulturpark, Hjeltnesvegen 47, Ulvik

Dato: Fredag 14. – søndag 16. november

Tidspunkt: Kl. 10-17 alle dagar

Pris: Kr 4 400 (4 000 for medlemer i Bygdekvinnelaget) Prisen inkluderer materiale og utstyr, kaffi, te, frukt og varm lunsj alle dagar Påmelding: post@holmenkulturpark.no

Påmeldingsfrist: 1. oktober (først til mølla – kurset har berre 10 plassar)

Holmen Kulturpark kan tilby overnatting for tilreisande

For spørsmål kontakt: Holmen Kulturpark - Irene Bjotveit Sæbø; tlf. 480 37 615

Aktiviteter
Atmosfære
Generelle fasiliteter
Mat og drikke

Kart