Det mest populære i Hardanger denne sommaren

Dms 1240x711 DSC05627

Hardanger-regionen har «aldri» vore meir i vinden enn no. Her er favorittane til alle som var i Hardanger på norgesferie i år.

rose

Hardanger, med alle sine makalause opplevingar, er ein region som har det meste og passar for dei fleste. Barne- og familieferie, norgesferie med kjærasten, eller roadtrip på Vestlandet. Det speler ingen rolle – det er ikkje få som har vore i Hardanger på ferie i sommar. Dette er dei mest populære høgdepunkta i Hardanger så langt i år (rekkefylgja er tilfeldig).

rose

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur, også kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei desidert mest populære og vakraste fotturane i Noreg. Med nydeleg utsikt til Sørfjorden, isbreen Folgefonna og andre perler i Hardanger langs heile turen, er det lett å forstå kvifor dette er ein av H.M. Dronning Sonja sine favorittar. Sesong: Juli – midten av september – det kjem litt an på snømengda.

rose

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Det er den populære hybridbåten «Vision of the Fjords» som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur på fjorden. Tilgjengeleg fram til 01. september!

rose

Trolltunga, blant dei største fyrtårna i Hardanger, er kanskje den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Det som byrja med eit «heilt vanleg» fjellplatå over Ringedalsvatnet, har utvikla seg til å verta ein destinasjon folk vitjar frå alle deler av verda – året rundt. Det er lett å forstå når du klatrar via ferrata med Trolltunga Active, eller nyt utsikta frå toppen med guidane til Trolltunga Adventures. Alternativa er mange, og Trolltunga er no tilgjengeleg heile året med guide.

rose

Visste du at fleire av Norges mest spektakulære fossar ligg i Hardanger-regionen? Dei mest kjende er Steinsdalsfossen, Låtefoss og Vøringsfossen. Sistnemnde er den mest kjende, og i fjor kom det ei ny bru som gjer at du kan gå over Vøringsfossen! Dersom du verkeleg ynskjer å koma tett på, anbefalar me å gå fotturen inn frå nedsida. Opplevinga er vanskeleg å skildra med ord.

rose

Kvinnherad er velsigna med slåande vakre fotospots. Har du vore på Instagram dei siste åra, har du heilt sikkert sett bilete av Bondhusvatnet. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg. Du kjem til å skjøna det sjølv når du står der!

Ein kjem heller ikkje utanom Fjellhaugvatn - ein Instagram-spot av episke dimensjonar. Populariteten har skote til værs etter at Helene Myhre (helenemoo på Instagram) delte det med fylgjarane sine.

Treng du fleire tips til kjekke opplevingar i Hardanger? I topplista under finn du alle dei mest populære og besøkte turane, attraksjonane og aktivitetane i regionen sommaren 2021. Take your pick!

Sjå alle

Fleire reisetips