Pexels standsome worklifestyle 10321958

Workation i Eidfjord?

Workation = Kontorplass + overnatting + mat + aktivitetar. Er du lei av heimekontor? Treng du påfyll av motivasjon, arbeidslyst og inspirasjon? Kom til Eidfjord, kombiner jobbedagen framfor laptopen med aktivitetar i vår fantastiske natur!

rose

Sjekk inn på eit behageleg rom med skrivebord og god kontorstol, trådlaust nett og tilgang til skrivar. Treng du meir i kontorkvardagen?

Gjer dagen din fleksibel. Ta deg ein tur til fjells når du treng det. Pust inn den friske, kalde lufta og ta innover deg det gode lyset. Knyt på deg fjellskoa eller ta på ski og gå ein tur eller meld deg på til ein spennande fjordsafari med RIB. Du bestemmer. Kjenn at ideane strøymer på og du igjen er klar for ei ny, produktiv arbeidsøkt.

Arbeidstida bestemmer du sjølv. Er vêrmeldinga bra ein dag, så kan du ta fri nokre timar og gjere det du likar best. Gå tur, bade, padle eller sitje midt i naturen og nyte utsikta. Så kan du heller jobbe litt ekstra ein annan dag. «Ute til lunsj» får ein annan dimensjon når du kan sitje ved Eidfjordvatnet, på Kjeåsen, ved Vøringsfossen eller midt på Hardangervidda og ete lunsjen din.

Skap ein god balanse mellom arbeid og fritid, så blir det mindre stress og sjukefråvær på arbeidsplassen din.

​​​​Me anbefalar å komme til Eidfjord utanom den travlaste sesongen, då har du meir tid og rom, fred og ro rundt deg.

Er de fleire kollegaer som treng jobbe saman i ein periode? Treng du større kontor eller storskjerm? Då er Eidfjord perfekt for det. Eidfjord har det tekniske utstyret og lokala. Lat oss setje saman eit programforslag inkludert inspirerande opplevingar og aktivitetar til deg!

Velkomen til ditt nye heimekontor. Velkomen til Eidfjord – der aust møter vest!