«Sognerosa» – bokbad med forfattar Anne Karin Fonneland

«Sognerosa» – bokbad med forfattar Anne Karin Fonneland
Nov
26

Sognerosa. Anne Karin Fonneland kjem til Halsnøy Kloster tysdag, 26.11. kl 18.00. Det blir samtale med Hilde Svalbjørg om den nye romanen, SOGNEROSA. Musikkinnslag ved elevar frå Sunnhordland Folkehøgskule Det vi...

Om

Sognerosa.

Anne Karin Fonneland kjem til Halsnøy Kloster tysdag, 26.11. kl 18.00.

Det blir samtale med Hilde Svalbjørg om den nye romanen, SOGNEROSA.

Musikkinnslag ved elevar frå Sunnhordland Folkehøgskule

Det vil bli høve til å kjøpa bøker.

Enkel kafé

Inngong kr. 100.- billett i døra.

«Sognerosa» er ein roman med handling frå siste del av 1800-talet fram til 1905. Anne Karin Fonneland si farmor skal ha vore første næringsdrivande kvinne i Sogn og Fjordane ifølgje Fylkesleksikon, Sogn og Fjordane.

 

 

Handlinga i romanen tek utgangspunkt i verkelege personar og miljø, men er likevel fiksjon. Kunstnarar frå inn- og utland kom for å måla landskapet og naturen. Turisme og gryande kraftutbygging gav nye arbeidsplassar og kulturell utveksling. Båtbyggjarar frå Hardanger reiste også til Sogn for å byggja båtar. Sognerosa er ein roman om venskap, solidaritet og kjærleik. Sognerosa er ein roman om å bli sterk nok til å ta eigne val.

Kontakt forfatteren!

Anne Karin Fonneland (fødd 9. november 1956)[1] er ein norsk forfattar frå Sunde i Sunnhordland. Ho skriv prosa, lyrikk og sakprosa. Fonneland er medlem i Den Norske Forfatterforening og i NFFO.

Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga Marmormjølk[2], og har sidan skrive fleire diktsamlingar, roman og barnelitteratur. Fonneland har studert psykologi, samfunnsvitskaplege fag og litteraturvitskap.[3] Ho har hatt arbeid som lærar ved Kvinnherad Vidaregåande skule der ho har undervist i norsk og samfunnsfag.

Romanen kjem ut på Kapabel Forlag.