Foredrag: Krigsseilerne – de vant krigen, men tapte freden @ Hardanger fartøyvernsenter

Feb
26

Gjer deg klar for ei unik oppleving når filmskapar, forfattar og foredragshaldar Eilert Munch Lund deler historia til krigsseglarane på Hardanger fartøyvernsenter med foredraget Krigsseilerne – de vant krigen, men tap...

Om

Gjer deg klar for ei unik oppleving når filmskapar, forfattar og foredragshaldar Eilert Munch Lund deler historia til krigsseglarane på Hardanger fartøyvernsenter med foredraget Krigsseilerne – de vant krigen, men tapte freden og framsyning av den usensurerte verjsonen av filmen Krigsseilerne – med æren i behold.

Eilert Munch Lund (fødd 1955) har produsert dokumentarfilmserien Vår Maritime Kulturarv, som har blitt sendt på NRK fleire gonger. I meir enn 20 år har han arbeida for å fremja Krigsseglarens sak. Mellom anna med dokumentarfilmen: Krigsseilerne med æren i behold, foredrag, underskriftskampanje, artiklar, føreord i bøker og ope lesarinnlegg i 2012 til regjeringa ved forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen med krav om å beklaga seg overfor Krigsseglarane og deira familiar. Ei orsaking kom 3. august 2013.

Han held no på med ferdigstillinga av sin neste film: Det var hjem vi sjøfolk skulle – om krigsseglaranes familie.

Kaféen er open.

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
100,00
*Pris frå