For ti år sidan tok Dybdahl ei avgjerd om å setje i gang ein slags evig soloturnè, < og bli så god på det at det aldri ville kjennast som ein budsjettversjon av ein konsert med band. Han ville heller spele på styrkane...
For ti år sidan tok Dybdahl ei avgjerd om å setje i gang ein slags evig soloturnè, < og bli så god på det at det aldri ville kjennast som ein budsjettversjon av ein konsert med band. Han ville heller spele på styrkane ein slik kveld kunne ha – bandet ein kunne knyte til publikum, stadene ein kunne spele på, og fridomen ein kunne gi seg sjølv når ein spelte songane heilt solo.
I duoformat har Thomas med seg Vegard Lien Bjerkan på piano/flygel. Han har vore fast medlem i Dybdahls band dei siste fem åra, men det er først det siste året at dei har byrja å spele duokonsertar. Vegard gjekk jazzlinja på konservatoriet i Trondheim og vart raskt ein av landets mest etterspurde organistar og pianistar. Han speler fast med sine eigne prosjekt WIZRD, Soft Ffog og Karl Bjorå, samstundes som han er med både Kurt Nilsen, Morten Abel og Sigvart Dagsland i banda deira.
Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album befesta si stilling som ein av Noregs store artistar og låtskrivarar.