For skifolket i ytre del av Hardanger og i Sunnhordland, så har vinteren vore ein liten test av tolmodet. Det har vore sparsamt med snø, og det terrenget som gjerne har bydd på ok skiføre har vore litt utilgjengeleg.
Vinteren så langt har vore relativt sparsam med omsyn til skiføre, iallfall for dei som er glade i tur på alpine turski. Det kom ein del snø tidlegare, og det gav heilt greie forhold for fjellski i dalføra og i enkelte deler av fjellområda, men nye rundar med mildvær og mykje vind har resultert i litt avgrensa skiføre. Stadvis har det vore fint å ferdast på ski, men ein har måtte leite litt for å finne det. Lukkelegvis har vi truleg mykje vinter igjen og følgjeleg mange fine dagar på ski i vente.
Rosendalsfjella og omegn
Førre helg så vart vestkysten ramma av det meteorologane kalla ein «bombesyklon». Det høyrest mest ut som ei oppskrift Dagbladet tillagt eit heilt vanleg lågtrykk, men rett nok, det var mykje vêr. Dessverre kom det ikkje like mykje nedbør som forventa. Håpet var at det skulle kome mykje snø. Og like etterpå drog det på med vedvarande sterk vind med vindkast rundt 40 m/s. Det er ikkje oppskrifta på fint skiføre.
Dei klassiske toppane
Mange lurer nok litt på korleis forholda er rundt dei klassiske toppane, som til dømes Omnatind. Fram til no så har det vore relativt sparsamt med snø, ja, litt «optimist-føre». Det har vore avblåst og der det har lege snø har det vore hardt. Utglidingsfaren har vore større enn skredfaren. Det var også status torsdag denne veka, altså veke 5. Om ein legg godviljen til så kunne ein gå på ski opp skogsvegen frå Myrdal, men skia måtte av gjennom deler av skogen. I øvre del av skogen så var det mogleg å ta på ski, men det var relativt hardt og utfordrande å få godt feste, spesielt om ein ikkje har skarejern til skia. Vidare oppover Nipeskar var det lite snø, men det er fint mogleg å følgje enkelte formasjonar både opp og ned. På ryggen øvst i Nipeskar er det avblåst og mykje stein framme. Ein kan fint navigere seg forbi berre ein er førebudd på litt knot. Det er også hardt vidare mot toppen av Omnatind. Det er noko lunde lik status på nabofjella, inkludert Gygrastol. Dei er samtlege relativt fattige på snø.
Endring i været
Etter nokre dagar med kaldt og klart vêr, så er det endring i vente frå sundag kveld. Det skal falle litt nedbør, men det skal også blåse litt. Herskande vindretning skal vere frå søraust, noko som vil gi vindtransport inn i heng som per i dag har litt snø. Det er på ein måte positivt.
Nysnøgrensa kjem til å gå relativt høgt, så om det ikkje endrar seg dei neste dagane vil det truleg ikkje ha stort å seie for grensa for samanhengande skiføre den neste veka heller. Men om ein tåler å bære skia litt så kan ein nok finne skiføre rundt enkelte av dei mest klassiske toppane i området, rett nok vil det framleis vere sparsamt.
Skredfaren
Det har vore relativt stabile forhold den siste tida, men med enkelte formasjonar som har hatt ustabilt snødekke. Dei siste dagane har det danna seg rim i overflata, og enkelte plasser kviler disse på eit underlag av hard vindtransportert snø. I tida som kjem så må ein vere litt observant då disse rima kan snøe eller føyke ned i enkelte formasjonar. Det vil då danne seg eit potent svakt lag, forutsett at det er eit flak over. Korleis det utviklar seg utover neste veke får vi sjå, men det er meldt nedbør frå måndag av.
Følg med på varsom.no/hardanger for oppdateringar utover veka og inn mot neste helg.
God tur, og velg tur etter evne!
Tekst/foto: Cato Leganger/Rosendal Fjellsport