Fossar i Hardanger

Velkomen til eit eldorado av fossar

Hardanger-regionen blir kalla «the kingdom of waterfalls», og det er ikkje utan grunn. I Hardanger finn du fleire av dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.

rose
Vanvittige fakta
Visste du at fleire av fossane i Hardanger er blant dei mest populære turistmåla i heile Noreg?
rose

For oss Nordmenn er det lett å sjå oss blinde på den vakre naturen vår. Dei stupbratte fjella, lange fjordane og buldrande fossane er noko me alle set stor pris på, men det er også noko me ser «kvar dag». Og det som er kvardagskost for oss, kjem folk frå andre sida av verda for å oppleva i Hardanger. For på lik linje som det er forskjell på folk, er det jaggu stor forskjell på fossane også. Om du verkeleg tek deg tid til å stoppa opp og oppleva ein foss, skal det godt gjerast å ikkje la seg trollbinda av både synet og kreftene som er i sving.

DSC02828
rose

Dei aller fleste fossane er lett tilgjengeleg med bil og ligg langs Nasjonal Turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda. Steinsdalsfossen og Vøringsfossen er gode døme på dette. Fyrstnemnde er verkeleg spektakulær, då du kan gå under sjølve fossen og oppleva naturkreftene på nært hald. Det kan du ikkje på Vøringsfossen, men det gjer den ikkje mindre spektakulær av den grunn. Der har dei nemleg fått på plass ei gangbru som går over fossen, som har eit fall på heile 182 meter!

Yrjan Olsnes x pilagutt 0142 2 WEB