B-Active senteret ligg sentralt i Ulvik og tilbyr alt ein treng for ein fartsfylt, kjekk og aktiv ferie i Ulvik. Mellom anna kan du bli med på guida turar, diverse kurs innan villmarksliv som til dømes kunsten å lage eld, og utforsking av dei gamle tunellane i Osa. Senteret har òg utleige av syklar, kajakkar og båtar.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some

Om

B-Active held til på Strand Fjordhotel i Ulvik sentrum og tilbyr aktivitetar og utleige av utstyr. Her finn ein fartsfylte, læringsrike og spanande aktivitetar for både store og små. Freistar det å utforske dei gamle vasstunellane i Osa? Eller kanskje du vil lære å leve av naturen - som til dømes å starte eld og lage mat av det ein finn i skog og mark? Om du vil halde deg innandørs, kan du prøve deg på pil og boge. B-Active har fleire spanande og varierte opplegg for einkvar. I tillegg har dei utleige av syklar, kajakkar, pedalbåt og robåtar for dei som ynskjer å utforske Ulvik på eiga hand.

Gradering
Sesong

Kart