Fun rafting – Best Adventures

Bli med på ei morosam, spennande og fartsfylt oppleving. Best Adventures tilbyr Fun Rafting på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord. Denne turen passar for barn frå 7 år, og er ei fin familie aktivitet.

Booking

Om

Bli med å rafte på elva Bjoreio i Øvre Eidfjord! Dette er ei morosam, spennande og utfordrande oppleving.

Fun rafting med Best Adventures passar for barn og vaksne, og er ein fin aktivitet for både familiar og venner. Nedre aldersgrense er 7 år, og barnet må då vere saman med føresett.

Opplegget startar på senteret til Best Adventures, og elva ligg 100 m frå møtepunktet. Raftane er for to til fire personar, og du får opplæring i korleis handtere utfordringane i elveløpet. På turen blir du tatt med nedover fartsfylte stryk og rolegare elveparti.

Inkludert i prisen er våtdrakter og alt nødvendig sikkerheitsutstyr. Ta med badetøy til å ha under våtdrakta, og handkle. Sesong er ca. frå midten av juni og ut august, varigheita på opplegget er mellom 2-2.5 timar.​​​​

 

Gradering
Sesong
Utleie

Kart