Guida omvising på Hardanger Akvasenter (Akvakultur) og Hardanger Fartøyvernsenter (trebåtbygging og maritimt museum)
RIB-tur med Hardangerfjord Adventure på Hardangerfjorden med guide til den spektakulære fjordarmen Fyksesund (kun tilgjengeleg med båt)
Sightseeing ved Steinsdalsfossen – blant dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.
Transport til og frå dei ulike aktivitetane og attraksjonane
Dagsturen har eit fokus på lokal mat og drikke, kulturhistorie, fossar og sjølve Hardangerfjorden. Sjølve opplegget strekk seg over 6 timar 15 minutt og er tilgjengeleg måndag til laurdag fram til og med 13.08.
Du kan verta med på turen både frå Hardangerfjord Hotel i Øystese, Thon Hotel Sandven i Norheimsund, eller via rutebuss 925 frå Bergen til Norheimsund. Dagsprogrammet er lagt opp til å korrespondera med buss frå og til Bergen.
Avgang
Dagen startar ved Hardanger Fartøyvernsenter kl. 09:30. Frå Thon Hotel Sandven eller busshaldeplassen er det 600 meter å gå langs strandpromenaden som startar rett ved hotellet/busshaldeplassen. Det er mogleg å tinga henting frå Hardangerfjord Hotel i Øystese (avgang kl. 09:15). Då vert du levert direkte ved Hardanger Fartøyvernsenter.
Hardanger Fartøyvernsenter
Under omvisinga på Hardanger Fartøyvernsenter kan du høyra lyden av handverkarar i arbeid, lukta friske materialar, tjære, tau og glødande smijarn. Du får inn historia “då sjøen var vegen”. Det maritime museet vert av mange rekna som blant dei beste i heile Norden!
Steinsdalsfossen
Vidare går turen i minibuss/minivan til spektakulære Steinsdalsfossen. Her kan du nemleg gå på baksida utan å verta våt. Vegen fortset inn bak fossen og til eit utkikkspunktet på andre sida - med nydeleg utsikt mot Norheimsund og over heile Steinsdalen. Fossen, med sitt 50 meter høge fall, er blant dei mest populære attraksjonane i heile Noreg.
Hardanger Akvasenter
Frå Steinsdalsfossen går ferda vidare i minibuss/minivan til Øystese og utstillinga til Hardanger Akvasenter - eit visningssenter for havbruk. Du vil få ein guida omvising i den interaktive utstillinga «Det er her me bur». Veldig engasjerande både for born og vaksne!
Fjordsafari med RIB - Hardangerfjord Adventure
Vegg i vegg med akvasenteret ligg basen til Hardangerfjord Adventure som tek deg med på ein fartsfyllt RIB-båttur på Hardangerfjorden. Eit godt tips er å ha fotoapparatet klart, for her skal du nemleg innom dei vakre fjordperlene Herand, Fyksesund og Kvamsøy – fleire av dei kun tilgjengeleg med båt!
Lunsj og sidersmaking - Spildegarden
Etter RIB-turen går du 600 meter opp til Spildegarden. Familieverksemda har lange tradisjonar innan fruktproduksjon, og no satsar dei fullt og heilt på utvikling av fyrsteklasses eplemost og sider. Garden har og si eigen gardsrestuarant der du får smakt på 3 ulike sidrar og ein lett lunsj beståande spekemat, ost og husets brød.
Retur
Etter Spildegarden går dei som hadde pick-up i Øystese tilbake til sentrum. Resten vert transportert tilbake til Norheimsund med minibus/minivan. Ankomst i Norheimsund er kl. 15:45. Buss 925 til Bergen har avreise klokka 16.00.
Sjåfør / guide: Sjåføren og dei ulike guidane din snakkar godt engelsk og norsk.
Fylgjande er inkludert i billettprisen:
All transport (minibus/minivan), guida omvising og inngang til alle attraksjonar de besøker. RIB-båttur, lunsj og sidermaking på Spildegarden er og inkludert i billetten.
Pris
Vaksen NOK 2.490,-
Ungdom (12-17 år) NOK 2.290,-
Born (5-11 år) NOK 1.990,-