Kombiner lærdom og store naturopplevingar med Hardangerfjord Adventure. Få innsikt i akvakultur og oppdag den mest spektakulære fjordarmen i heile Hardanger med RIB.
BookingFjordsafari som gjev innsikt i akvakultur ved Hardangerfjorden. På denne guida turen med Hardangerfjord Adventure får du oppleva vakkert naturlandskap, innsikt i gamle fjordsamfunn og lakseproduksjon, samt smaka på laks produsert i Hardangerfjorden i kombinasjon med lokal sider / eplemost.
Etter omvising i Hardanger Akvasenter sitt digitale visningssenter i Øystese sentrum, kler de på dykk for båtturen. Turen med RIB går inn i fjordarmen Fyksesund som er ein eventyrleg vakker fjordarm midtvegs i Hardangerfjorden. Fyksesund er visuelt flott, og den indre delen av fjorden har særs bratte og høge fjellsider. Det vert fleire stopp tett opptil land undervegs for å oppleve naturen og historia om livet langs fjorden.