Guida kajakktur med Be Active

Utforsk Ulvik frå kajakksetet! Gli ut på fjorden med ein lokalkjend guide og sjå Ulvik frå ei heilt ny side. Kom tett på den ville, urørte naturen og lær meir om Ulvik sin lokale historie og kultur.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Some

Om

Vil du oppleve Ulvik på ein annleis måte? Sjå bygda frå fjorden med kajakk og lokal guide!

Under opplevinga "Guida kajakktur i Ulvik", padlar du og guiden rundt Ulvikfjorden medan guiden fortel om lokalhistorie og lokalkulturen i den vesle bygda. Du får lære om korleis folk har levd, og korleis naturen vart nytta i kvardagen, industri og næring. Etter omtrent to timar i kayakken, klyv dykk på land på ei øy i fjorden, der de får demonstrert essensielle tips og triks for overleving i naturen. Mellom anna får du lære korleis ein startar eld, identifikasjon av plantar som kan etast, og korleis ein kan byggje og kome seg i ly. Etter desse små demonstrasjonane, hoppar de tilbake i kajakksetet og føl fjordlinja tilbake til startpunktet ved kaien. 

Gradering
Sesong

Kart