Tryll deg vekk med lokal kunst i kroken av Osafjorden. Her held kunstnaren Lars Polden til med sine fantastiske verk, basert på både lokalnatur og lyrikk. Utstillinga er ope året rundt.
Velkomen til Lars G Polden atelier og galleri.
Du finn oss i Hjadlane galleri i Osa. Ta turen inn i det ukjende, inn til fjordbotnen, inn til
kunsten og ein annleis måte å sjå verda på.
Sist sommar endra eg måten eg presenterer arbeida mine på. Eg har valt å arbeida i galleriet
og såleis ta besøkande med inn i den skapande prosessen, frå ide til ferdig bilete presentert på
veggen.
Denne måten å arbeida på har gitt meirsmak. Eg opplever at eg kjem i ein mykje tettare dialog
med dei besøkande. Det at verktøy og uferdig arbeid ligg framme, gjer at dei besøkande spør
mykje meir både om teknikkar og om innhald. Tilbakemeldingane er gode. Dei besøkande let
vel, og eg får inspirasjon og pågangsmot til å halda fram, sjølv om både helse og økonomi
tilseier at eg burde gje meg.