Opplev Hardangerfjorden saman med Hardangerfjord Adventure og deira RIB-båtar. Denne turen, som strekk seg over 45 min, har daglege avgangar frå Øystese i Hardanger.
BookingKom tett på Hardangerfjorden medan vinden bles i håret på ein adrenalinfylt RIB-tur med Hardangerfjord Adventure.
Sjølv om turen er av det kortare slaget, får du oppleva mykje på dei 45 minutta du har i RIB-båten. Den korte fjordsafarien, som har avreise frå Øystese, går innom den gamle handelsstaden Herandsholmen på «hi sio» av fjorden. Deretter går turen vidare til Kvamsøy, som er ei av dei mest nytta og attraktive øyane i Hardanger-regionen.