Om sommaren går den populære hybridbåten "Vision of the Fjords" i rute på Sørfjorden, frå Odda og Lofthus til Aga. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.
BookingSider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og nå kan du kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden. Det er den populære hybridbåten «Vision of the Fjords» som tilbyr turar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur.
Du kan velja å starta turen, som har daglege avgangar, frå enten Lofthus eller Odda. Du har også valet mellom å besøka éin eller fleire sidergardar. I dei pakkane som inkluderer fleire sidergardar, får ein servert lunsj beståande av lokale freistingar frå Hardanger.