I år blir Stølstrimmen arrangert for 10 gong, så eit aldri så lite jubileum. Den fyste Stølstrimmen blei sett opp i 2013, 12 stølar rundt om i Ulvik var med det fyste åra, sidan har stølane blitt fleire.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Tanken bak stølstrimmen var å gjera fleire merksame på dei flotte turane me har rundt oss i Ulvik, samstundes auka kunnskapen om stølslivet. I samarbeid med Ulvik sogelag og Haugesenteret, sette turlaget ut turbok- postkassar med informasjon frå sogelaget om stølane og eit dikt eller ein tekst frå Haugesenteret. Dette blei raskt eit populært tilbod bland bygdafolk og andre med tilknytning til bygde.

I høve jubileet har turlaget med støtte frå Sparebankstiftinga kjøpt inn nye turbok-kassar, og turbok frå Arkoplan, desse skal erstatta dei grøne postkassane me har hatt sidan starten. Til denne jobben treng me hjelp av turfolke; stølstrimmarar eller andre. Me vil bruka heile sesongen på utskiftninga om naudsynt, og Haugesenteret vil komma med nye tekstar og dikt til kassane.

I år blir det 19 stølar og ei dagsturhytte på klyppekortet.

Klyppekorta kan kjøpas hjå Coop Prix Ulvik, Joker Ulvik og Handelslaget (turistinformasjonen). Korta kjem for sal i løpet av mai.

For å oppnå deltakarpremie må ein ha minimum 16 klypp. Born mellom 0-12 år må minimum ha 6 klypp. 

Alle som oppnår 16 klypp (6 klypp for born) eller fleire får deltakarpremie. Dei som klarar alle 20 klyppa er med i hovudpremie-trekninga av eit (1) gåvekort på 5000,- frå VossEkta

Har ein kjøpt kort, men ikkje fått minimums klyppa, bør ein likevel levera inn korta sine. Kort med 0-15 klypp er då med i ein eigen lodd- trekning på gåvekort frå lokale verksemder (3 stk.)

Innleveringsfrist: 31. oktober 2022

Trekning av premiane vil bli gjort på årsmøtet til turlaget, seinast i februar 2023. Utdeling av deltakarpremiar vil og skje då. 

Sesong

Kart