Joleverkstad og lesestund - Haugesenteret

Des
02

Laurdag 2. desember er den store adventsdagen i Ulvik, og me ynskjer velkomen til familiejoleverkstad og lesestund på Haugesenteret!

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Nettside

Om

Joleverkstad kl. 11.00-13.00 

Me har bytt gråblyantane i Poesiverkstaden ut med glansbilete, klistremerke, farga ark og glitrande saker. Grip saksa og lag deg eit jolekort, ei jolestjerne eller kanskje ein jolefugl. 

Dei som vil kan bli med på adventskonkurransen vår ved å henga opp svara sine i treet vårt. Vinnaren av ein fin p trekt 20. desember! 

 

«Nøtteknekkaren» av E. T. A. Hoffman kl. 11.30. 

Formidlaren vår Anja les den klassiske, tyske jolehistoria frå 1816 om vesle Clara og Nøtteknekkaren som dreg på ei fantastisk reise og kjempar mot Musekongen. Boka vert vist på storskjerm. Ta plass i salen og kom i jolestemning i lag med oss. Høver særleg for born 3–9 år. 

 

Fri inngang på aktivitetane og i utstillinga. 

Kart