Thomas Dybdahl solo i Øystese

Jun
11

Endeleg byr sjansen seg til å oppleva Thomas Dybdahl i Kabuso - sikra deg plass på konserten sundag 11. juni! Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album etablert...

Booking

Om

Endeleg byr sjansen seg til å oppleva Thomas Dybdahl i Kabuso - sikra deg plass på konserten sundag 11. juni!

Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album etablert seg som ein av Norges store artistar og låtskrivarar.

For 20 år sidan sat Thomas Dybdahl med sitt første soloalbum "…That Great October Sound" mellom hendene. Albumet blei eit vendepunkt i karrieren med svært gode kritikkar, Spellemannspris og Edvard-pris.

VG skreiv i ein omtale av debutalbumet «Dybdahl alene er en aldri så liten åpenbaring med såre, vakre sanger fremført med den samme, nesten hviskende intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseie – hør bare åpningssporet From Grace!.

Ein solokonsert med Thomas Dybdahl er eit høve til å høra låtane hans slik dei opprinneleg vart til.
I tillegg til å presentera klassikarar frå ei lang karriere spelar han og nyutgitt og nyskrive materiale på solokonsertane sine.

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
372,00
465,00
*Pris frå