Toppturweekend Øystese

Mar
09-12

Bli med oss på ein toppturweekend i Hardanger og Øystese! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur, 3 netter på hotell med heilpensjon, sidersmakig og RIB-tur. Kom ...

Booking

Om

Bli med oss på ein toppturweekend i Hardanger og Øystese! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur, 3 netter på hotell med heilpensjon, sidersmakig og RIB-tur.

Kom til Hardanger opplev variert skikøyring frå fjell til fjord i vakkert fjordlandskap. Hardanger har typisk vestlandsvinter med mykje nedbør som gir snørike vintre i fjellet og ein lang skisesong til spanande toppar med flott fjordutsikt. Denne helga er for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar!

Me har har base på Hardangerfjord hotel i Øystese og turane ledes av lokale og erfarne guidar. I Øystese åpner Hardangerfjorden seg verkeleg opp og gir deg ein flott panoramautsikt til fjord, fjell og Folgefonna. Dette er ei vakker liten tettstad med handel, resutaranter, bowlinghall, nydelig sandstrand, brygger, hotell og fleire kafèar. Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjoner. Hardangerfjord hotell serverer tradisjonelle og moderne retter basert på nydeleg kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer.

Det vert 3 dagar med skikøyring der ein kan velja mellom korte (3-5 timar) og lange turar (5-8 timar). Om vêr, skiføre og skredforhold er med oss så går dei lange turane denne helga enten til Skrott (1320 moh), Tveitakvitingen (1299 moh) og Oksen (1241 moh). Dei korte turane går til flotte litt lågare toppar (900-1100 moh) rundt på strekkja Fyksesund-Tøvikbygd.

Kart