Hotel Ullensvang
Dronningstien
Web Edel sider x Yrjan Olsnes 2021 01619
Basseng Hotel Ullensvang
Hotel Ullensvang

Opplev Ullensvang i haust

Hausten i Hardanger må opplevast! Omkransa av Noregs største frukthage og kjekke aktivitetar med fjorden som bakteppe, er Hotel Ullensvang den perfekte basen for haustferien i Hardanger.

Hotel Ullensvang kallar seg ikkje for «The Hardangerhub» utan grunn. Her er det nemleg kort veg til eit stort utval av ulike aktivitetar og attraksjonar heile året rundt.

Kva med ein tur til Dronningstien – blant dei mest spektakulære og populære fotturane i heile Noreg? Startpunktet til turen ligg rett bak hotellet. Du kan velja å gå turen med eller utan guide!

Eller kanskje det å oppleva Noregs største frukthage og smaka lokalprodusert Sider frå Hardanger fristar meir? Mange ulike siderprodusentar og hundretusenvis av frukttre ligg som perler på ei snor rett utanfor hotellet.

Og etter ein dag med kjekke aktivitetar i flott natur, kan du enkelt slappa av og nyta utsikta til fjorden og Folgefonna frå Ullensvang Bad. Her finn du blant anna innan- og utandørsbasseng, boblebad, sauna og massasjebenkar - oppvarma heile året!

Sjekk inn og finn roen på Hotel Ullensvang i haust! Med eit eldorado av aktivitetar og attraksjonar i umiddelbar nærleik, er det tradisjonsrike hotellet ein perfekt destinasjon for korte og lengre opphald i Hardanger året rundt.

rose

Få, om ingen, regionar kan skilta med eit så frodig landskap, stort spekter av opplevingar og kort veg mellom store høgdepunkt som Hardanger. Og midt i hjarta av regionen – nærmare bestemt på Lofthus – ligg Hotel Ullensvang nydeleg plassert rett i kanten av Hardangerfjorden.

Kvart einaste år lokkar hotellet til seg turistar frå alle verdshjørner, og det er lett å skjøna kvifor. At dei har titusenvis av frukttre, sjølve Hardangerfjorden, Dronningstien og nasjonalparkar som nærmaste nabo, er god nok grunn i seg sjølv. Men det er fasilitetane, historia og vertskapsrolla, som er perfeksjonert sidan dørene opna for fyrste gong i 1846, som verkeleg gjer at hotellet siglar fram som blant dei beste i heile Noreg.

HOTEL Ullensvang Adult area 2 Jeanett Økland
rose

Få hotell egnar seg betre til å lada batteria enn den tradisjonsrike verksemda på Lofthus. Hotellet, som også kallar seg for «The Hardanger hub», er sjølve definisjonen på avslapping. Det skal godt gjerast å ikkje nyta opphaldet frå dei spektakulære basseng-, velvære-, sports- og fritidsavdelingane med nydeleg utsikt til Sørfjorden og stupbratte fjell. At du i tillegg vert servert den eine kulinariske høydaren etter den andre i restauranten deira, er sjølve prikken over i-en.

Web Basseng utandør SIV 9923
rose

Men noko av det aller finaste med Hotel Ullensvang, er at det passar for dei aller fleste. På lik linje som hotellet eignar seg godt til å lada batteria, skal ein leita lenge etter eit meir eigna hotell for ein aktiv ferie eller langhelg i Hardanger. Fotturar til ikon som Trolltunga og Dronningstien, både med og utan guide, slår sjeldan feil. Eller kanskje det å utforska fjorden med RIB-båt, fjordsup eller kajakk freistar meir? Andre vil kanskje utforska Lofthus og andre perler langs fjorden til fots eller på sykkel. Uavhengig av kva du ender opp med, er det enkelt å tilpassa opphaldet på Hotel Ullensvang akkurat slik du sjølv ynskjer. Det skal i alle fall ikkje stå på fasilitetane, plasseringa, maten eller det rike aktivitetstilbodet. Her er det noko for alle!

Utsikt dronningstien
Web kajakk hotel ullensvang haust vinter
Hotel Ullensvang
Sykling Lofthus Hotel Ullensvang
rose
Visste du at?
Edvard Grieg var stamgjest på Hotel Ullensvang? Han fann mykje inspirasjon i den slåande vakre Hardanger-naturen på Lofthus.
Hotel Ullensvang også kallar seg for The Hardanger hub? Dette grunna det rike aktivitetstilbodet både på og rett utanfor hotelldørene.
Sjå alle

Fleire reisetips