Sluttpunkt: Ved varden på toppen av dalen
Parkering: salsplassen litt sør for Tveisme
Merking: av lokale frivillege
Gradering: Krevjande. Det er innimellom bratt, og kan vera sleipt i vått ver.
Høgdeskilnad: frå 0- 750 moh
Tid: ca 1,5-3 timar ein veg
Gode råd: Gå med turstøvlar med støtte til anklane. Delar av stien kan vera glatt i vått ver. Ta med niste og drikke. Det er ikkje drikkevatn før ein har nådd toppen av dalen. Gå ikkje vidare innover Hardangervidda utan turkart, kompass og varme klede.
Turomtale: Turen startar på Tveisme ved bilvegen, gå opp mellom grantrærne, etter elva - før svingen
Stien svingar seg gjennom landskapet og er tung å gå, den passerer eit par bekkar men kryssar aldri Tveismeelva. Ein snur seg stadig mot fjorden og får små intrykk kva ein har i vente av utsikt når ein endelig når toppen.
Eit lite stykke før ein når toppen på Tveismedalen kjem ein inn i Bjørkeskogen som er prega av det bratte landskapet, her bogna det av blåbær på seinsommaren. Ein brukar 1,5 - 3 timar opp alt etter formen. Alle kan gå denne stien, det er ingen farlege stader undervegs, men ved vått vær vert det sleipt. Det er kjekt å bruka stavar på denne stien, ha gode sko med sikkelege sålar og støtte for ankel. Ved gode og varme sommarar er det ikkje vatn å finna før ein kjem på toppen.
Når ein er komen på toppen ved Varden er det ein tur-postkasse som ein kan skriva navnet sitt i. Kjempefint å sitja ved varden og sjå ut over fjordane. Turen er tung i og med at det er så bratt!